Skjeggmeis
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Skjeggmeis (Panurus biarmicus ) er ein liten og sær sporvefugl. Dette er ein art i tempererte delar av Europa og Asia, finst òg på få plassar i Noreg. Skjeggmeisa er standfugl og dei fleste fuglane migrerar ikkje anna enn ved særlege kuldeperiodar eller ved andre raske miljøendringar. Dei er sårbare for harde vintrar, kulda kan ta livet av mange individ.
Skjeggmeis | |
Skjeggmeis, Panurus biarmicus Foto: Wolfram Riech | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sterkt truga[1] Utbreiinga av Skjeggmeis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Skjeggmeisfamilien Panuridae |
Slekt: | Panurus |
Art: | Skjeggmeis P. biarmicus |
Vitskapleg namn | |
Panurus biarmicus |
Dette er ein liten oransjebrun fugl med ein lang hale. Skjeggmeisa flyg mykje likt undulatar. Hannen har grått hovud og svarte teikningar som «mustasjar». Flokkar vil ofte avsløre nærvære i eit takrøyrbelte med sine karakteristiske «pingekall».
Denne arten er ein våtmarkspesialist, dei hekkar i koloniar i store takrøyrskogar ved innsjøar eller myrer. Dei et insekt på takrøyr om sommaren, og frø frå takrøyraks om vinteren, fordøyingssystemet er tilpassa å takle den særs forskjellige sesongbestemte dietten.
Skjeggmeisa er inga meis innanfor systematikken. Grunnen til meisenamnet kan vere likskap med stjertmeis. Etter Clementslista var arten tidlegare plassert i buttnebbfamilien,[2] men i følgje nyare forsking er dette ein unik songfugl - ingen andre levande artar synast å vere nært knytt til han. Derfor er han no klassifisert i sin eigen familie Panuridae.
I år 2021 blei skjeggmeis oppgradert frå kategorien nær truga til sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]