Stjertmeis
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Stjertmeis (Aegithalos caudatus) er ein meiseliknande sporvefugl i stjertmeisfamilien. Fuglen er utbreidd i mesteparten av skogbeltet i palearktis, med unnatak av Island og Nord-Afrika. I Noreg finst fuglen i lauv- og blandingsskog i Sør-Noreg nord til Trondheimsfjorden, meir spreidd lengre nord og i Nordland og Troms. Han er ein sjeldan streiffugl i Finnmark.[2] Hekkeområda er som oftast frodige og høgproduktive lokalitetar, ofte med høgstamma skog. Arten hekkar sjeldan i dei ytre og mest eksponerte kystområda på Vestlandet og i Trøndelag. Stjertmeisa likar best fuktige biotopar som t.d. orebelter langs vassdrag, bekkedalar og sumpskogområde. Fuglane treng ikkje større samanhengande skogområde og finn gode hekkelokalitetar i lauvskogrike kulturlandskap, spesielt der det framleis finst våtmarker.
Stjertmeis | |
Stjertmeis | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av stjertmeis | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Stjertmeisfamilien Aegithalidae |
Slekt: | Aegithalos |
Art: | Stjertmeis A. caudatus |
Vitskapleg namn | |
Aegithalos caudatus |