Sporvefuglar
fugleorden / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sporvefuglar (Passeriformes) er ein orden av fuglar. Han er utbreidd over heile verda med artar fordelt på tre underordenar, Acanthisitti, Tyranni og Passeri.
Sporvefuglar | |
Prydfuglekonge, Regulus goodfellowi Illustrasjon av G E Lodge, 1906 | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes von Linné, 1758 |
Dette er den største fugleordenen og omfattar meir enn halvparten av alle verdas fugleartar. Sporvefuglar dannar ein av dei mest varierte biologiske ordenar av virveldyr med ca. 6 332[1] identifiserte artar,[2] og er langt over dobbelt så artsrik som den største av ordenar av pattedyra, gnagarar. Ordenen sporvefuglar inneheld 140 familiar, av virveldyr er det berre piggfinnefiskar, Perciformes, som har fleire familiar.
Namnet «Passeriformes» er avleidd frå Passar domesticus, det vitskaplege namnet på arten gråsporv. «Passeridae» er nemninga på ei undergruppe og ein biologisk familie av ca. 43 artar kalla sporvar. Passer er den latinske nemninga for 28 artar av sporvar i slekta Passer og liknande småfuglar.
I Noreg hekkar ca. 100 artar. Omtrent 35 andre er observerte.