Svartsvane
art av andefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Svartsvane (Cygnus atratus) er ei svane og ein stor vassfugl i andefamilien. Arten hekkar hovudsakleg i søraustre og sørvestre regionar i Australia. Svartsvana vart jakta til utrydding på New Zealand, men vart seinare gjeninnført. Innanfor Australia er ho nomadisk, med uføreseielege vandringsmønster avhengige av klimatiske tilhøve. Svartsvaner er store fuglar med for det meste svart fjørdrakt og eit raudt nebb. Dei er monogame hekkefuglar der kjønna deler på rugeplikter og omsut for avkommet.
Svartsvane | |
Svartsvane Foto: Wikipedia-brukar: Fir0002 | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av svartsvane | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Overfamilie: | Anatoidea |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anserinae |
Slekt: | Cygnus |
Art: | Svartsvane C. atratus |
Vitskapleg namn | |
Cygnus atratus Latham, 1790 |
Svartsvaner kan opptre einskildvise, eller i lause grupper på hundrevis eller kanskje tusenvis av fuglar.[1] Svartsvaner er populære fuglar i zoologiske hagar og fuglesamlingar, og nokre gonger finn ein rømlingar utanfor det naturlege utbreiingsområdet deira.