Svaner
slekt av andefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Svaner er eit samleomgrep for store, vasslevande andefuglar av slekta Cygnus. Dei har lang hals og er som regel reint kvite fuglar som lever i nordlege, ofte kalde, strøk. Sørlege artar er ofte svarte eller svarte og kvite.
Svaner | |
Knoppsvane Cygnus olor | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Anserimorphae |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Overfamilie: | Anatoidea |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anserinae |
Slekt: | Svaner Cygnus de Garsault, 1764 |
Det finst mellom seks og åtte artar svaner, i Noreg førekjem tre av dei: knoppsvane, songsvane og dvergsvane.