Spettefuglar
fugleorden / From Wikipedia, the free encyclopedia
Spettefuglar, Piciformes, er ein biologisk orden av små til mellomstore fuglar som hovudsakleg har leveområde i skog. Den mest kjente av desse er spettefamilien som inkluderer hakkespettar og nære slektningar. Piciformes inneheld nærare 360 artar i om lag 50 slekter i sju familiar, kor spettefamilien samlar over halvparten av artane.[1]
Spettefuglar | |
Rødbuktukan Ramphastos dicolorus (Foto: Dario Sanches) | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes Meyer & Wolf, 1810 |
I hovudregelen er Piciformes insektetarar, med unnatak for skjeggfuglar og tukanar som et frukt for det meste, og voksetarar som er heilt unike blant fuglar fordi dei er i stand til å fordøye bivoks, sjølv om hovuddietten også hos voksetarar er insekt. Nesten alle Piciformes har papegøyeliknande zygotisk fot - to tær framover og to bakover, ei ordning som gjev openberre føremonar for fuglar som nyttar mykje tid på trestammar. Eit unnatak er nokre få artar av tretåa hakkespettar. Fuglane i Piciformes har ikkje dun nokon gong, berre ekte fjør. Dei varierer i storleik frå malaypikulett på 8 centimeter i lengd, og vekt på 7 gram, til gulnebbtukan på 61 cm og 500 gram. Alle hekkar i holrom og får ungar som er lite utvikla ved klekking.