Spettefamilien
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Spettefamilien er ein biologisk familie, Picidae, av spettar, pikulettar og vendehalsar, nær sporvefuglar. Medlemmer av denne familien finst over heile verda, unntatt i Australia og New Zealand, Madagaskar, og dei ekstreme polare områda. Dei fleste artane lever i skog eller skogkledde habitat, sjølv om nokre få artar er kjente for å leve i trelause område som steinete åssider og ørkenar. Medlemmer av familien Picidae har sterke nebb for å hakke og å tromme på trestammar og særs lange kleimne tunger for å rekkje inn i sprekkar og gripe tak i føda.[1] Insekt og larver er viktige byttedyr.
Spettefamilien | |
Hispaniolaspett Melanerpes striatus Foto: Wolfgang Wander | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Spettefamilien Picidae Vigors, 1825 |
Picidae er berre ein av sju familiar samla i ordenen spettefuglar, Piciformes. Medlemmer av ordenen Piciformes, slik som skjeggfuglar, tukanar og voksetarar, har tradisjonelt vore antatt å vere svært nært knytt til hakkespettar, pikulettar og vendehalsar. Meir nyleg har DNA-sekvensanalysar stadfesta dette synet.[2]
Det er ca. 220 artar og ca. 30 slekter i denne familien. Mange artar er trua på grunn av tap av habitat eller habitatfragmentering. IUCN reknar dei to artane elfenbeinsspett og keisarspett som kritisk trua,[3][4] og det er uklart om desse artane enno eksisterer.
Åtte artar hekkar i Noreg; svartspett, grønspett, gråspett, dvergspett, flaggspett, kvitryggspett, tretåspett og vendehals.