Slaget ved Monongahela
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Monongahela fann stad 9. juli 1755 i nærleiken av Braddock i Pennsylvania, 15 km oppfor Pittsburgh under den franske og indianske krigen. Ein britisk styrke under general Edward Braddock skulle ta Fort Duquesne, og vart slått av ein fransk og indiansk styrke.
Kjappe fakta Dato, Stad ...
Slaget ved Monongahela | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den franske og indianske krigen | |||||||
Gravering frå 1800-talet av dødsfallet til generalmajor Braddock i Slaget ved the Monongahela. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike Indianske stammer |
Storbritannia | ||||||
Kommandantar | |||||||
Liénard de Beaujeu † Jean-Daniel Dumas Charles de Langlade |
Edward Braddock † George Washington | ||||||
Styrkar | |||||||
637 innfødde 108 troupes de la Marine 146 milits [1] |
1300 regulære og kolonimilits[1] | ||||||
Tap | |||||||
30 drepne 57 skadde[2] |
500+ drepne[1] |
Close
Kjappe fakta
Jumonville Glen – Fort Necessity – Fort Beauséjour – Monongahela – Lake George - Fort Bull - Fort Oswego - Kittanning – Fort William Henry – Bloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort Carillon – Fort Frontenac - Fort Duquesne – Fort Ligonier – Ticonderoga – La Belle-Famille - Fort Niagara – Beauport – Quebec – Sainte-Foy – Restigouche - Thousand Islands – Signal Hill |
Close
Nederlaget markerte slutten på Braddock-ekspedisjonen som britane hadde håpa skulle erobre Fort Duquesne og få kontroll over det strategiske Ohio Country. Braddock vart dødeleg skadd i slaget og døydde under tilbaketrekkinga. Resten av soldatane trekte seg sørover og fortet vart verande hos franskmennene til det vart erobra i 1758.