Slaget ved La Belle-Famille
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved La Belle-Famille fann stad 24. juli 1759 under den franske og indianske krigen langs Niagara River. Den franske hjelpestyrken til François-Marie Le Marchand de Lignery som var på veg til den omleira franske garnisonen i Fort Niagara gjekk rett inn i eit bakhaldsåtak mot britane og irokesarane, som var kommandert av Eyre Massey. Dette var ein del av det større Slaget ved Fort Niagara.
Meir informasjon Dato, Stad ...
| ||||||||||||||||||||||||||||
|
Close
Britane visste at franskmennene var på veg og bygde eit brystvern over vegen 3 km sør for Fort Niagara. Franskmennene vart angripe i eit bakhaldsåtak og styrken deira vart utsletta og påført store tap. Kaptein Le marsand de Lignery vart dødeleg skadd i slaget.[1]