Pirol
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Pirol (Oriolus oriolus) er ein mellomstor sporvefugl og den einaste medlemmen av pirolfamilien som hekkar i tempererte regionar på den nordlege halvkula. Han har utbreiing som hekkefugl i Europa og Vest-Asia og i vintersesongen held han til i Afrika sør for Sahara. I Noreg er pirolen ein regelmessig gjest, næraste område som fåtalig hekkefugl er i Sør-Sverige, søraustlege Finland og sørlegaste Danmark.
Pirol | |
Vaksen hannfugl | |
Hoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av pirol | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Pirolfamilien Oriolidae |
Slekt: | Pirolar Oriolus |
Art: | Pirol O. oriolus |
Vitskapleg namn | |
Oriolus oriolus |
Fram til ca. 2010 vart denne eurasiske pirolarten og indiapirol (Oriolus kundoo) sett på som same arten, konspesifikke. Den «nye» arten pirol er monotypisk, har ingen underartar.
Det norske artsnamnet pirol kjem frå tysk.[1] Pirol er i tillegg til eit artsnamn også ei norsk samnemning for alle dei ca. 30 artane i slekta Oriolus. Det vitskaplege latinske slektsnamnet Oriolus er avleidd frå det klassiske latinske aureolus som betyr gylden.