Oksehakkarar
slekt av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Oksehakkarar er to fugleartar som utgjer den biologiske slekta Buphagus og familien Buphagidae. Einskilde ornitologar har sett på oksehakkarar som ein underfamilie Buphaginae innanfor starefamilien Sturnidae.[1] Både engelske og vitskaplege namn skriv seg frå vanen dei har med å sitje på store pattedyr, både ville og tamme, som storfe eller nashorn, og ete flått, bremsar, larver og andre parasittar.
Oksehakkarar | |
Raudnebboksehakkar, Buphagus erythrorhynchus Foto: Lee R. Berger | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Buphagidae |
Slekt: | Oksehakkarar Buphagus Brisson, 1760 |