Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå Færøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dette er ei oversikt over Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå Færøyane.
Sidan 1962 har Nordisk råd årleg delt ut Nordisk råds litteraturpris for eit skjønnlitterært verk skrive på språket i eit av dei nordiske landa. Frå starten i 1962 vart det nominert opp til to bøker kvar frå Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå 1985 kan det også nominerast ei bok kvar frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er høvelege kandidatar.
Rói Patursson vart tildelt prisen i 1986 for diktsamlinga Líkasum. Sidan har ingen frå Færøyane fått prisen. William Heinesen frå Færøyane vann prisen allereie i 1965, men han var då nominert frå Danmark, og han skreiv også på dansk. Alle dei nominerte verka i åra frå 1985 har vore skrivne på færøysk.