William Heinesen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Andreas William Heinesen, kjend som William Heinesen (15. januar 1900–12. mars 1991) var ein færøysk forfattar, komponist og biletkunstnar. Heinesen var fødd og døydde i Tórshavn.
Kjappe fakta
William Heinesen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 15. januar 1900 Tórshavn |
Død | |
Yrke | lyrikar, kunstmålar, omsetjar, komponist, skribent, manusforfattar |
Språk | dansk, færøysk |
Nettstad | http://www.abc-literature.dk/ |
William Heinesen på Commons |
Lukk
Heinesen vert helden for å vere den viktigaste færøyske forfattaren og blant dei viktigaste danskspråklege forfattarane i si tid. Heinesen skreiv på dansk, slik venen og syskenbarnet hans, Jørgen-Franz Jacobsen også gjorde. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Arktiske elegier i 1921, men det er som romanforfattar han er mest kjend. Romanen Den sorte Gryde vart eit gjennombrot for han. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1965 for romanen Det gode håb frå 1964.
Bøkene hans er omsette til ei rekkje språk.