Færøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Færøyane (tyder «saueøyane») er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sidan 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane vart likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sidan 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks syslar og 29 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, trass i at Danmark er det.
| |||||
Offisielle språk | Færøysk og dansk | ||||
Hovudstad | Tórshavn | ||||
Styresett Monark |
Konstitusjonelt monarki Frederik X Bárður á Steig Nielsen | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn |
1399 km² 0,5 | ||||
Folketal (2022) - Tettleik |
53 941[1] | ||||
Valuta | Færøysk krone1 | ||||
Tidssone | +0 Sommartid: +1 | ||||
Nasjonalsong | «Tú alfagra land mítt» | ||||
Nasjonaldag | 29. juli | ||||
1Setlane er danske kroner med færøyske motiv. Myntane er dei same som i Danmark. |
Færøyane har 18 øyar av vulkansk opphav. Øygruppa har 54 000 innbyggjarar, der 20 000 av desse bur i hovudstaden Tórshavn, kalla opp etter den norrøne guden Tor.