Maggie De Block
belgisk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Maggie Celine Louise De Block (fødd 28. april 1962) er ein belgisk politikar. Ho er medlem av det flamske liberale partiet Open VLD.[1][2] Ho var sosial- og helseminister frå 2014 til 2020 under regjeringa til Charles Michel.[3]
Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Maggie De Block | |||
| |||
Fødd | 28. april 1962 (62 år) Merchtem | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Belgia | ||
Parti | Open Vlaamse Liberalen en Democraten | ||
Yrke | politikar, allmennlege | ||
Utdanna ved | Vrije Universiteit Brussel | ||
Ektefelle | Luc Asselman | ||
Alle verv |
Close
Ho vart mykje omtala og kritisert av utanlandsk medium for å ikkje passa rolla som helseminister der dei særleg påpeika fedme og diabetes type to som to årsaker. Til denne kritikken svara ho at «Eg veit at eg ikkje er ein modell, men du må sjå kva som er inni, ikkje emballasjen.»[4][5][6] Blant belgiarane hadde ho stor tillit og var godt likt, og var mellom anna ein kandidat til å verta statsminister i Belgia.[7]