Diabetes mellitus
stoffskiftesjukdom / From Wikipedia, the free encyclopedia
Diabetes mellitus, tidlegare kalla sukkersjuke no diabetes, er ein sjukdom som kjem av at bukspyttkjertelen (pancreas) ikkje produserer insulin (diabetes mellitus type 1), eller at organismen på grunn av insulinresistens ikkje nyttiggjer seg insulinet på normal måte (diabetes mellitus type 2). Type 1 opptrer oftast hos unge, medan type 2 er mest vanleg hos eldre og overvektige. Type 2 vart ofte tidlegare kalla «gammalmannsdiabetes», men i dei seinare åra er gjennomsnittsalderen hos dei som får den gått betydeleg ned, og den vert no ofte rekna som ein livsstilssjukdom.
Diabetes mellitus type 2 kan opptre i alle aldrar, men er som nemnt mest vanleg hos eldre. I tillegg har ein dei seinare åra vorte klar over at særskilde innvandrargrupper har ein auka risiko for å utvikla type 2 diabetes. Dette gjeld særleg grupper med opphav frå Asia og Afrika som buset seg i den vestlege verda og tek etter livsførsla der.