Kvitsøy kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitsøy kyrkje står på Kvitsøy i Kvitsøy kommune i Rogaland, og er ei tømra langkyrkje frå kring 1620.
Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...
Kvitsøy kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Tungenes | ||
Sokn | Kvitsøy | ||
Fellesråd | Kvitsøy | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | tømra | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Døypefont | i kleberstein, frå kring 1100 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Kvitsøy kyrkje 59.06388889°N 5.41555556°E / 59.06388889; 5.41555556 |
Close
Innvendig er tømmerveggane midtskips rosemåla. Døypefonten er i kleberstein og er frå kring 1100. Han stod truleg tidlegare i St. Clemenskyrkja på Krossøy. St. Clemenskyrkja var soknekyrkje for Kvitsøy fram til Kvitsøy kyrkje vart bygd. Det er berre tuftene att av kyrkja på Krossøy, men lenger sør på øya står framleis den nær fire meter høge steinkrossen som øya har namn etter.[1]
Kvitsøy kyrkje er freda.