Kvitsøy kommune
kommune i Rogaland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitsøy er ein kommune, eit kyrkjesokn og ei øygruppe utanfor Stavanger i Rogaland fylke.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Kvitsøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Ystabøhamn | ||
Areal | 6,29 km² | ||
- land | 6,28 km² | ||
- vatn | 0,01 km² | ||
Folketal | 544 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Kjell André Nordbø (B) | ||
Kommunenr. | 1144 | ||
Kvitsøy kommune 59.062222°N 5.411667°E / 59.062222; 5.411667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kvitsøy | |||
Nettstad: www.kvitsoy.kommune.no | |||
Lukk
Dei 365 øyar, holmar og skjer er til saman 5,73 kvadratkilometer. Kommunen vert omgjeve av dei ytre delane av Boknafjorden. Mot nord ligg Karmøy og Bokn, mot aust Rennesøy og Randaberg.
Fire av øyane har fastbuande, opphavleg var her seks gardar med krøtter. Det finst to større busetnader, og dei ligg ved tidlegare fiskehamner: Ystabøhamn i vest og Leiasundet i aust.