Rosemåling
dekorativ måling i norsk folkekunst / From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosemåling er den vanlege nemninga på ein type tradisjonell dekorativ, ornamental kunstmåling som var vore i bruk i Noreg i nyare tid. Blømingstida for stilen er sagt å vera om lag 1750 og frametter til 1900. Handverket er framleis levande i brukskunstmiljø i fleire norske bygder, og blant norsk-amerikanarar.
Motiva i rosemåling er først og fremst frie, svungne blomar og blad som fyller flatene i sterke og ofte raffinerte fargekombinasjonar.