Grip stavkyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grip stavkyrkje står i det fråflytte fiskeværet Grip på øya Grip utom Kristiansund by i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er nemnd fyrste gong i Trondhjems Reformats 1589, men plar daterast til kring 1470 sjølv om det er mogleg at ho er frå 1300-talet.[1] Kyrkja har framleis mellomalderkjernen inntakt, men mange bygningsdelar er fornya. Skipet og koret har same breidd, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifte og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det laga nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla. Kyrkja er fundamentert på fjell på det høgaste punktet på øya, 8 meter over havet.
Grip stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Ytre Nordmøre | ||
Sokn | Kristiansund | ||
Fellesråd | Kristiansund | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | Truleg kring 1470 | ||
- Endringar | 1621, 1860-70-åra, 1932/33 | ||
Skip | einskipa | ||
Altartavle | Alterskåp frå kring 1515 | ||
Sitjeplassar | 80 sete | ||
Grip stavkyrkje 63.21972°N 7.5939°E / 63.21972; 7.5939 | |||
Wikimedia Commons: Grip stave church | |||
I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kyrkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kyrkja vart avdekt. Slik kyrkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet. Kyrkja vart òg restaurert i 1621.[2]
Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett i 1933. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria med Jesusbarnet flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe vert i katolsk kristendom rekna som ei av dei 14 naudhjelparane som vert påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kyrkje på Sunnmøre i 1864. Fløydørene på alterskåpet er bort. Alterskåpet er skore i eik og måla, yttermåla er 128 cm breitt og 182 cm høgt.[2]