Universitetsmuseet i Bergen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Universitetsmuseet i Bergen (tidlegare Bergen Museum og Bergens Museum) er eit museum i Bergen stifta i 1825. Alt frå starten av vart det teke sikte på å byggja opp eit naturhistorisk og kulturhistorisk museum som famna vidt. Museet var grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946, og har sidan vore ein del av universitetet.
Kjappe fakta Stad, Skipa ...
Universitetsmuseet i Bergen | |||
| |||
Stad | Bergen kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1825 | ||
Universitetsmuseet i Bergen 60.387622222222°N 5.3215805555556°E / 60.387622222222; 5.3215805555556 |
Lukk
Museet har to bygningar på Nygårdshøyden sentralt i Bergen by, og eit arboret (det vil seie eit område tilplanta med tre frå ulike land og klimasoner) med ein botanisk hage i landlege omgjevnader på Milde sørvest i Bergen kommune.