Buddhastatuane i Bamiyan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Buddhastatuane i Bamiyan (persisk بت های باميان, but hay-e bamiyaan) var fleire monumentale statuar av stående buddhafigurar skorne ut av klippeveggen i Bamiyandalen i Hazarajat-regionen i sentrale Afghanistan. Statuane blei laga på 500-talet og blei øydelagd av Taliban i 2001.[1] Restane etter statuane og fleire andre fornminne i dalen er tekne med på UNESCO si liste over verdsarv.[2]
| |||
Land | Afghanistan | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 27. sesjon i 2003. Referansenr. 208. | |||
Kriterium: | KULTUR (I, II, III, IV, VI) | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia | ||
Bakgrunnsstoff | Kulturlandskap og fornminne i Bamiyandalen ved unesco.org |
Restane etter buddhastatuane og dei andre fornminna ligg nær Bamiyan, rundt 2 500 moh. og 230 km nordvest for Kabul. Med til verdsarvstaden reknar ein utskjeringane i Bamiyanklippene, som mellom anna omfattar to veldige nisjar som tidlegare huste buddhastatuane; holene i Kakrakdalen laga på 500-1200-talet; holer i Fuladidalen; festningsverka Shahr-i Zuhak og Qallai Kaphari frå 500-700-talet; og citadellet Shahr-i Ghulghulah frå 500-900-talet.[2]