BP
From Wikipedia, the free encyclopedia
BP (tidlegare «British Petroleum» og «BP Amoco») er eit oljeselskap med hovudkvarter i London i Storbritannia. Selskapet er eit av dei fire største oljeselskapa i verda, ved sidan av Royal Dutch/Shell, Exxon Mobil, og Total. Selskapet har utvikla seg til eit multinasjonalt selskap, med verksemd over store delar av verda. I Noreg er selskapet representert med BP Norge AS. Hovudkontoret for Noreg ligg på Forus i Stavanger kommune. I 2004 hadde selskapet eigardelar i desse petroleumsfelta på den norske kontinentalsokkelen: Valhallfeltet, Ulafeltet, Hodfeltet, Tambarfeltet og Draugenfeltet.
BP | |||
| |||
| |||
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1908 | ||
Hovudkontor | London[1] | ||
Land | Storbritannia[2] | ||
Produkt | petroleum | ||
Grunnleggjar(ar) | William Knox D'Arcy | ||
Styreleiar | Carl-Henric Svanberg (1. januar 2010),[3] Helge Lund (31. desember 2018)[4] | ||
Adm.dir. | Bernard Looney (5. februar 2020)[4] | ||
Salsinntekter | 11 706 000 000 USA-dollar (2019)[5] | ||
Omsetnad | 11 706 000 000 USA-dollar (2019)[5] | ||
Resultat | 4 026 000 000 USA-dollar (2019)[5] | ||
Nettstad | https://www.bp.com |
I desember 1998 fusjonerte BP med oljeselskapet Amoco, eit selskap skipa i Sambandsstatane i 1889 som Standard Oil of Indiana. Saman skipa dei «BP Amoco». Fusjonen kom til ved at BP kjøpte Amoco. Prosessen vart offisielt skildra som ein fusjon av juridiske grunnar. Etter kring eit år som BP Amoco vart mestedelen av verksemdene slegne saman, og «BP» vart namnet på det samla selskapet. BP vart då namnet i seg sjølv og ikkje lenger ei forkorting for «British Petroleum». Slagordet «Beyond Petroleum» vart teke i bruk. BP si solenergiverksemd vart ein stor produsent av solcellepanel. Slik tilpassa BP seg auka krav til miljøprofil.
BP er leiande i det omstridde prosjektet Baku-Tbilisi-Ceyhan røyrleidningen, mellom anna knytt til menneskerettar. Røyrleidningen går frå Baku i Aserbajdsjan ved Kaspihavet til Ceyhan i Tyrkia ved Middelhavet.