Baku
From Wikipedia, the free encyclopedia
Baku (aserbajdsjansk Bakı) er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamnebyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiskbygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2011 litt over 2 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet kring Baku har omkring 3 millionar innbyggjarar.[1][2]
Bakı | ||
---|---|---|
Utsyn over Baku frå Sjahidlarmonumentet. Foto: Frode H. Korneliussen | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Aserbajdsjan | |
Geografi | ||
Flatevidd | 2 140 km² | |
Flatevidd - By |
-2130 km² | |
Innbyggjarar - By (2011) - folketettleik |
2 045 815 900/km² | |
Koordinatar | 41°01′52″N 21°20′25″E | |
Høgd over havet | -28 m | |
Diverse anna | ||
Postnummer | +99450 | |
Telefon-retningsnummer | 012 | |
Heimeside: http://www.baku-ih.gov.az/ | ||
Nettstad: www.bakucity.az | ||
Plassering | ||
Baku sør på Abşeron-halvøya |
Gamlebyen i Baku i lag med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. I følgje rangeringa til Lonely Planet er Baku òg av dei ti beste utelivsbyane i verda.[3]
Baku er delt inn i elleve administrative distrikt (rajon) og 48 bydelar. Av desse finst bydelane på øyane i Bakubukta og byen Neft Daşları (Oljeklippene), som er bygd på stylter i Kaspihavet, 60 km frå Baku.
Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda.[4] Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Heilt sidan 700-talet har det vore kjend at området har rike førekomstar av petroleum.