Øystre Slidre kommune
kommune i Innlandet fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Øystre Slidre kommune ligg i Innlandet fylke og grensar i nord til kommunane Vågå og Nord-Fron, i nordaust til Sør-Fron og Gausdal, i søraust til Nord-Aurdal, i sørvest til Vestre Slidre, og i vest til Vang. Øystre Slidre vart eigen kommune i 1849, då kommunen Slidre vart kløyvd i Vestre og Øystre Slidre.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Øystre Slidre kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Heggenes | ||
Areal | 963 km² | ||
- land | 883 km² | ||
- vatn | 80 km² | ||
Folketal | 3 298 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Odd Erik Holden (Sp) | ||
Kommunenr. | 3453 | ||
Øystre Slidre kommune 61.236388888889°N 9.1436111111111°E / 61.236388888889; 9.1436111111111 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Øystre Slidre | |||
Nettstad: www.oystre-slidre.kommune.no | |||
Lukk
Kommunen ligg i dalføret Valdres, mellom Hallingdalen og Gudbrandsdalen.
Sør i kommunen er det rike førekomstar av fyllittskifer som har vore utvunne i meir enn 200 år. I ein periode var skiferbrotet ein av dei største industriarbeidsplassane i Valdres. Skiferen er også avbilda på kommunevåpenet.
I tillegg til landbruk er turistnæringa viktig i kommunen, med den populære skistaden Beitostølen som største aktør.