Gudbrandsdalen
dal i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gudbrandsdalen er eit av de store dalføra på Austlandet i Noreg, mellom Valdres i vest og Østerdalen i aust. Heile Gudbrandsdalen ligg i Innlandet fylke (før 2020 Oppland). Dalen strekkjer seg 230 km frå Lesjaskogsvatnet i nordvest, langsetter elva Gudbrandsdalslågen som renn gjennom dalen, og ned til Mjøsa i søraust. Til vanleg reknar ein både hovuddalen og sidedalane til å vera Gudbrandsdalen.[1] Viktige sidedalar er Gausdal og Ottadalen, som begge ligg vest for hovuddalføret. Vest for Gudbrandsdalen ligg dalføret Valdres, og austanfor ligg dalføret Østerdalen.
Gudbrandsdalen | |||
dal | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Gudbrandsdalen 61.6605°N 9.6083888888889°E / 61.6605; 9.6083888888889 | |||
Wikimedia Commons: Gudbrandsdalen | |||
Kommunane i Gudbrandsdalen er Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Øyer og Lillehammer rekna frå nord, og Skjåk, Lom, Vågå og Gausdal vest for dette. Til saman utgjer kommunane om lag 71 000 innbyggjarar og ei flatevidd på 15 340 km². Administrativt utgjer Gudbrandsdalen politidistriktet Gudbrandsdal og dei to tingrettsdistrikta og prostia Sør-Gudbrandsdal og Nord-Gudbrandsdal, som svarar til kommunene nemnt over. Det er tre regionråd for interkommunalt samarbeid i Gudbrandsdalen: Sør-Gudbrandsal med kommunane Lillehammer, Gausdal og Øyer, Midt-Gudbrandsdal med kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron, og Nord-Gudrandsdalen med kommunane Sel, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå.
Det er to byar i Gudbrandsdalen: Lillehammer og Otta. Rekna frå nord er andre større tettstader i dalføret Lesja, Dombås, Bismo, Lom, Vågåmo, Kvam, Vinstra, Hundorp, Harpefoss, Ringebu, Fåvang, Granrudmoen, Tretten og Fåberg