Zuiderzee
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zuiderzee («Sørsjøen») var ei grunn bukt i Nordsjøen nordvest i Nederland som strekte seg 100 km inn over i landet og som var 50 km på det breiaste. Bukta var derimot grunn, berre om lag 4-5 meter djup, og hadde ei kystlinje på om lag 300 km. Ho dekte eit areal på 5 000 km². Opphavet til namnet kjem frå Friesland som låg nord for Zuiderzee. På 1900-talet vart det bygd eit dike på tvers av utløpet til bukta, som gjorde bukta om til ein innsjø. Saltvatnet vart gradvis erstatta av fersk vatn og den nye innsjøen fekk namnet IJsselmeer etter elva IJssel som munnar ut i han. Elva IJssel er ei grein av elva Rhinen.