Friesland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Friesland (eller Frisland, vestfrisisk Fryslân, nordfrisisk Fraschlönj) er eit område langs kysten av Vadehavet, meir presist avgrensa som det området som har frisisk som daglegspråk. Friesland er også namnet på ein provins i Nederland.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Friesland (fleirtyding).
I dag utgjer ikkje det frisiske språkområdet ei samanhengende eining. Med Det interfrisiske rådet oppretta frisarane i 1999 eit organ som kunne ta vare på frisiske kulturelle og språklege interesser på tvers av nasjonalgrensene.