Ugadi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ugadi (ugādi, samvatsarādi, yugadi) er tradisjonell nyttårsdag for folk i dei indiske delstatane Andhra Pradesh, Telangana , Karnataka og Maharashtra.[1] Han fell på den første dagen av månaden tsjaitra i hindukalenderen.[2] Dette svarer typisk til mars eller april i den vestlege kalenderen.[2]
Under feiringa av dagen lagar ein fargerike bakketeikningar (kolamulus eller rangoli), pynter dører med mangoblad (toranalu, kannada torana), kjøper og gjev vekk gåver som nye klede, gjev almisser til fattige og vitjar hindutempel. Ein kan ta spesielle bad med oljebehandling etter, og det er vanleg å tilreia og et ein særskild type mat kalla pachadi.[3][4] Retten pachadi inneheld alle smakane – søt, sur, salt og bitter. I telugu- og kannadatradisjonar er dette ei symbolsk påminning på at ein må forventa alle slags «smakar» i det ein vil oppleva i det nye året.[5]
Ugadi har lenge hatt ei viktig stilling blant hinduar i områda der han blir feira. Tekstar og inskripsjonar frå mellomalderen nemner store gåver til tempel og sosiale senter på denne dagen.[6] Den same dagen blir feira som nyttår av hinduar i mange andre delar av India, til dømes som gudi padwa i Maharashtra.