Turdus
slekt av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Turdus er ei biologisk slekt av for det meste insektetande eller altetande trastar i familien Turdidae.
Turdus | |
Stortrast, Turdus fuscater Foto: Tom Friedel | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Trastefamilien Turdidae |
Slekt: | Turdus von Linné, 1758 |
Slekta har ei kosmopolitisk utbreiing, med artar i Amerika, Europa, Asia, Afrika og Australia. Fleire artar har òg kolonisert nokre oseaniske øyar, og to artar har vorte introdusert til New Zealand. Fleire artar er trekkfuglar.