Tufa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tufa er ein type kalkstein danna ved utfelling av karbonatmineral frå vatn under moderat temperatur. I varme kjelder kan det av og til oppstå liknande karbonathaldige sediment, travertin, men desse er mindre porøse. Tufa blir av og til kalla meteogen travertin.[1]
Ved litteratur- og nettsøk må ein vera merksam på at det er mogleg å forveksla med (ekte) termogen travertin frå varme kjelder, som ofte blir kalla «kalktuff». Tufa, som altså er sedimentær og kalkbasert, må heller ikkje forvekslast med tuff (frå italiensk «tufo»), som er ein vulkansk bergart sjølv om namnet har same etymologiske opphav.