Treløparar
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Treløparar, Dendrocolaptinae, utgjer ein biologisk underfamilie av sporvefuglar endemiske for den neotropiske regionen. Dei har tradisjonelt vore sett på som ein distinkt familie Dendrocolaptidae, men dei fleste autoritetar vil no plassere dei som ein underfamilie av omnfuglar, Furnariidae. Overflatisk liknar dei trekryparar i «den gamle verda», men dei er urelaterte og likskapane skuldast konvergerande evolusjon. Denne underfamilien inneheld rundt 57 artar i 15-20 slekter.
Treløparar | |
Bleiknebbtreløpar, Dendrexetastes rufigula (nedst) | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Tyranni |
Familie: | Treløparar Dendrocolaptidae |
Treløparar varierer mellom 14 og 35 centimeter i lengd[1]. Generelt er dei brunaktige fuglar, treløparar held seg i ei oppreist vertikal stilling på trestammen, støtta av den stive halen sin.
Dei lever hovudsakleg av insekt som dei plukkar frå trestammar. Men treløparar er ofte ein del av kjernegruppa i sentrum av flokkar som møter maursvermar. Treløparar lever i tre og hekkar i holrom; dei legg 2-3 kvite egg som blir ruga i ca. 15 til 21 dagar[1].
Desse fuglane kan vere vanskeleg å identifisere ved at alle artar har ein tendens til å ha liknande brun overside. Den meir karakteristiske undersida er vanskeleg å sjå på ein fugl som trykker ned mot ein trestamme i skugge. Form og lengd på nebbet, utsjånad av flekker og striper, samt lydytringar, er nyttige hjelpemiddel for å bestemme arten.