Tralle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tralle (frå engelsk trolley, avledd av troll 'svinge rundt, rulle')[1] er ei lita, låg vogn eller kjerre med eit, to, tre eller fire små hjul. På norsk bruker ein nemnninga om mange typar trillevogner, med og utan motor, som ein bruker til å frakta eller flytta varer eller personar.
Traller kan til dømes vera L-forma med to hjul og lange handtak for å trilla kasser, sekkar og anna ved lasting og lossing. Dei kan også vera små vogner eller plattformtraller, med eller utan motor, som blir brukt til bagasjetransport. Vidare kan traller vera brettstativ på hjul, kantinetraller, pasientbord, handlevogner og bårer på hjul.
Tralle kan også visa til ulike typar lastevogner som går på skjener, anten det er små skuvbare anleggsvogner, tippbare slipp- og gruvevogner, dressinar, sparketraller og motortraller til materialtransport og tenestekøyring på jernbanelinjer, kan kallast traller.