The Monkees
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Monkees er eit USA-amerikansk rock- og popband som opphavleg var aktive mellom 1966 og 1971, med fleire aktive periodar med album og turnear sidan den gongen. Den originale besetninga bestod av skodespelarane og musikarane Micky Dolenz, Michael Nesmith og Peter Tork i tillegg til den engelske skodespelaren og songaren Davy Jones. Gruppa vart skipa i 1965 av fjernsynsprodusentane Bob Rafelson og Bert Schneider for situasjonskomedien The Monkees, som gjekk på lufta frå 1966 til 1968. Musikken til bandet vart opphavleg oversett av produsenten Don Kirshner, med låtskrivarduoen Tommy Boyce og Bobby Hart.
The Monkees | |||
The Monkees i 1966. Med klokka frå venstre: Peter Tork, Micky Dolenz, Michael Nesmith, Davy Jones | |||
Opphav | Los Angeles i California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv |
| ||
Sjanger |
| ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap |
| ||
Tidlegare medlemmer | * Davy Jones
| ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Dei fire skodespelarane/musikarane fekk is tarten berre avgrensa roller i studio for dei første få månadane. Dette kom dels av at dei måtte bruka tida si på å filme til fjernsynsserien.[1] Likevel skreiv og produserte Nesmith somme songar frå starten av, og Tork bidrog med nokre gitarsinneplingar på innspelingane produserte av Nesmith. Alle fire song solovokal på forskjellige spor. Dei kjempa etter kvart om retten til å styre musikken sin sjølv under bandnamnet, og vere både skodespelarar, musikarar, songarar, låtskrivarar og produsentar.
Etter at fjernsynsserien vart kansellert i 1968, fortsette The Monkees å spele inn musikk fram til 1971, då gruppa vart oppløyst. Det vart fornya interess i TV-serien i 1986, som førte til at gruppa kom saman att for ei rekkje turnear og nye plateutgjevingar. Jones døydde i 2012 og Tork døydde i februar 2019. Dolenz og Nesmith er dei einaste aktive medlemmane att i gruppa.
Dolenz skildra The Monkees som «eit TV-show om eit oppdikta band, som ønskte å vere The Beatles, men som aldri fekk suksess».[2] Ironisk nok førte showet til at medlemmane vart eit av dei mest suksessrike banda i 1960-åra. The Monkees har selt meir enn 75 millionar plater verda over[3][4] som gjer dei til ei av dei bestseljande gruppene gjennom tidene med internasjonale hit som «Last Train to Clarksville», «I'm a Believer», «Pleasant Valley Sunday» og «Daydream Believer». Aviser og magasin rapporterte at The Monkees i 1967 selde meir enn The Beatles og The Rolling Stones til saman,[5][6] men Nesmith innrømde i sjølvbiografien sin Infinite Tuesday at dette var ei løgn han fortalte ein journalist.[7]