Tettstader i Akershus
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 84 tettstader i Akershus fylke (2023). Sju Akershus-kommunar har busetjing som vert rekna med til tettstaden Oslo. Det er: Asker, Bærum, Lillestrøm, Lørenskog, Nittedal, Nordre Follo og Rælingen.[1] Tettstaden Moss i Østfold strekk seg inn i Vestby kommune i Akershus, men er ikkje rekna med i oversynet under.
90,7 % av dei som bur i Akershus bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %.[2]
Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.