Talyllyn Railway
Ein museumjarnbane i Wales / From Wikipedia, the free encyclopedia
Talyllyn Railway (walisisk Rheilffordd Talyllyn) er ein smalspora verna jarnbane i Wales som har ei lengd på 11,7 km[1] frå Tywyn[lower-alpha 1] på Mid-Waleskysten til Nant Gwernol jernbanestasjon nær landsbyen Abergynolwyn. Jarnbanelinja vart opna i 1866 for å frakte skifer frå steinbrudda ved Bryn Eglwys til Tywyn, og var den første smalspora jarnbane i Storbritannia som vart godkjend, som følgje av eit parliamentsvedtak, til å frakte passasjerar med damplokomotiv.[3][4] Til trass for alvorleg underinvestering,[5] vart jarnbanelinja halde open og vart i 1951 den første jarnbana i verda som vart verna som ein museumsjarnbane av frivillige.[6][7]