Symfoni nr. 9 av Beethoven
From Wikipedia, the free encyclopedia
Symfoni nr. 9 i d-moll, op. 125 er den siste symfonien skriven av Ludwig van Beethoven. Han blei fullført i 1824. Han er rekna som eit romantisk musikkstykke som danna eit førebilde for vidare romantisk komponering. Verket er særs kjent, og er rekna som eit av dei største meisterverka til Beethoven. Symfoniane er ein av dei mest framførte i verda.[1][2]
Kjappe fakta Toneart, Opus ...
korsymfoni, symfoni av Ludwig van Beethoven | |||
Toneart | d-moll | ||
---|---|---|---|
Opus | 125 |
Close
Delar av Friedrich Schiller sitt dikt Ode an die Freude (Ode til gleden) blir sunge av solistar og eit kor i siste satsen. Beethoven var den første store komponisten som brukte menneskestemmer saman med instrument i ein symfoni.[3] Symfonien sette eksempelet for bruk av songstemmer i den romantiske symfoniforma.