Svarthalsdukkar
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Svarthalsdukkar (Podiceps nigricollis) er ein fugl i dukkarfamilien. Han hekkar på fire kontinent, både i Europa, Asia, Afrika og Nord-Amerika, og bestanden blir sett på som levedyktig. I Noreg er han berre fåment og uregelmessig observert og ikkje etablert som hekkefugl.
Svarthalsdukkar | |
Foto: Andreas Trepte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig ██ Hekkeområde ██ Alle årstider ██ Trekk ██ Overvintringsområde | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Podiceps |
Art: | Svarthalsdukkar P. nigricollis |
Vitskapleg namn | |
Podiceps nigricollis Brehm, 1831 |
Christian Ludwig Brehm skildra svarthalsdukkar som ein art i 1831. Det vitskaplege artsnamnet nigricollis betyr «svarthalsa»: nigri, «svart» er frå latin, collis, «halsa» frå moderne latin.[1]