Super Mario World
From Wikipedia, the free encyclopedia
Super Mario World[lower-alpha 1] er eit plattformspel frå 1990, utvikla og utgjeve av Nintendo som ein lanseringstittel til Super Nintendo Entertainment System (SNES). Handlinga i spelet følgjer Mario som skal berge prinsesse Toadstool og øya Dinosaur Land frå antagonisten Bowser og undersåttane hans. Spelemekanikkane liknar dei frå tidlegare Super Mario-spel: Spelaren kontrollerer Mario eller broren Luigi gjennom ein serie nivå der føremålet er å kome fram til målstreken på slutten. Super Mario World introduserte figuren Yoshi, ein dinosaur som mellom anna kan ete fiendar og, under visse høve, flyge eller spytte ut eldkuler.
Super Mario World | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop, Virtual Console | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Takashi Tezuka | ||
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
Design(ar) | Katsuya Eguchi Hideki Konno | ||
Programmerar(ar) | Toshihiko Nakago | ||
Komponist(ar) | Koji Kondo | ||
Serie | Super Mario | ||
Plattform(er) | Super NES Game Boy Advance | ||
Utgjeving | Super NES JP: 21. november 1990 NA: 13. august 1991 EU: 11. april 1992 Game Boy Advance JP: 14. desember 2001 NA: 11. februar 2002 EU: 12. april 2002 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/n02/shvc/mw/index.html | ||
Del av serien Super Mario, Mario⠀ | |||
←Super Mario Land⠀ · Super Mario Land 2→ |
Nintendo Entertainment Analysis & Development utvikla spelet, leia av Takashi Tezuka som kreativt ansvarleg og Shigeru Miyamoto som produsent. Det er det første Mario-spelet til SNES og var designa for å utnytte dei tekniske funksjonane til konsollen. Utviklingsgruppa hadde større fridom samanlikna med Super Mario-spela til Nintendo Entertainment System (NES). Yoshi var konseptualisert under utviklinga av NES-spela, men vart ikkje implementert før Super Mario World på grunn av avgrensingar i maskinvara.
Super Mario World er ofte vørda som eit av dei beste dataspela gjennom tidene. Det selte over tjue millionar kopiar verda over, som gjorde det til det mestseljande SNES-spelet. Det har også avla fram ein animert fjernsynsserie under same namn og ein prequel, Yoshi's Island, utgjeven i 1995. Spelet har vorte utgjeve på nytt fleire gonger: Det var del av kompilasjonen Super Mario All-Stars + Super Mario World til SNES og utgjeve på nytt til Game Boy Advance som Super Mario World: Super Mario Advance 2 i 2001, til Virtual Console på konsollane Wii, Wii U og New Nintendo 3DS og som del av Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System. Det vart også utgjeve på Nintendo Switch gjennom Super Nintendo Entertainment System-appen for Nintendo Switch Online-brukarar.