Stortingsrepresentantar 2021-2025
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Liste over alle stortingsrepresentantar i perioden 2021 til 2025 omfattar alle som vart valde til Stortinget ved stortingsvalet 2021, 13. september 2021.
Det var totalt 169 mandat på val.[1][2] 150 av desse var distriktsmandat, og i tillegg blei det valt eit utjamningsmandat frå kvar valgkrins (i alt 19). I samsvar med paragraf 68 i den norske grunnlova, tredde dei nye stortingsrepresentantane saman den fyrste «syknedagen» (vyrkedagen) i oktober, i dette tilfellet fredag 1. oktober 2021.[3]
Dei 169 mandata blei fordelte med 48 til Arbeidarpartiet (Ap), 36 til Høgre (H), 28 til Senterpartiet (Sp), 21 til Framstegspartiet (FrP), 13 til Sosialistisk Venstreparti (SV), 8 til Venstre (V), 8 til Raudt (R), 3 til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), 3 til Kristeleg Folkeparti (KrF) og 1 til det nye partiet Pasientfokus (PF), som kun stilte liste i Finnmark. Raudt kom for fyrste gang over sperregrensa på 4 %, og partiet fekk difor delta i fordelinga av utjamningsmandat. KrF kom for fyrste gong under sperregrensa, men fekk vald inn tre distriktsrepresentantar.[4]
Dei 19 utjevningsmandata blei fordelte med fem mandat kvar til SV og Venstre, fire kvar til Framstegspartiet og Raudt og eit mandat til Høgre.[1]
Den nye fylkesinndelinga frå 1. januar 2020, som følgje av regionreforma, gjorde at valet i 2021 i motsetning til dei føregåande ikkje hadde samsvar mellom fylke og valdistrikt. § 57 i Grunnlova seier fortsatt at: «Riket er inndelt i 19 valgdistrikt.»[3] Vallova blei endra 4. juni 2018, slik at dei 19 fylka som eksisterte før regionreforma, framleis er valdistrikta i stortingsvalet.[5][6]
Som følgje av valget tiltredde Jonas Gahr Støre si regjering (Ap, Sp) 14. oktober 2021. Hansen, Eva KristinEva Kristin Hansen (Ap) blei vald til stortingspresident ved Stortingets konstituering. Ho trekte seg etter kort tid, og Masud Gharahkhani (Ap) overtok embetet 25. november.