Statsminister i Sverige
From Wikipedia, the free encyclopedia
Statsministeren i Sverige er den svenske regjeringssjefen og utøver mykje av den utøvande makta i landet. Statministeren blir valda av den svenske riksdagen, sidan 1975 etter forslag frå talmannen.
Embetet som svensk statsminister blei innført i 1876, då dei tidlegare embeta justitiestatsminister og utrikesstatsminister blei slått saman.[1]
Sidan 1995 har den svenske statsministeren hatt offisiell bustad i Sagerska huset som ligg sentralt i Stockholm. Statsmininsteren har også tilgang på herregården Harpsund i Södermanland, som fungerer som fritidsbustad.
Den noverande statsministeren i Sverige er Ulf Kristersson sidan 18. oktober 2022.[2]