Spruce Goose
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hughes H-4 Hercules (betre kjend som Spruce Goose, registrering NX37602) er ein prototype-flybåt som vart konstruert og bygd av Hughes Aircraft Company. Han var meint for transatlantisk transport under andre verdskrigen, men vart ikkje ferdig i tide til å brukast under krigen. Flyet gjorda berre ein kort tur 2. november 1947, og prosjektet kom ikkje lenger enn med det eine eksemplaret som vart bygd. Det vart bygd i tre på grunn av restriksjonar under krigen og bruk av aluminium ville føra til vektproblem. Det fekk kallenamnet Spruce Goose ('Grangåsa') av kritikarane, sjølv om det for det meste var laga av bjørk.[1][2]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Hercules er den største flybåten som nokosinne er bygd, med det nest største vengespennet som noko fly har floge med.[3] Berre Scaled Composites Stratolaunch, som flaug første gong i 2019, har eit større vengespenn. H-4 er framleis i god stand og er stilt ut ved Evergreen Aviation & Space Museum i McMinnville i Oregon i USA.[4]