Solfuglar
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Solfuglar er ein biologisk familie, Nectariniidae, av små sporvefuglar. Det finst ca. 140 artar i 15 slekter spreidd over Afrika, Sør-Asia og nordlege Australia. Hovudføda for solfuglar er nektar, men dei vil også ta insekt, spesielt når dei fôrar ungar. Frukt er også ein del av kosthaldet for nokre artar. Flyginga er kjapp og direkte på korte venger.
Solfuglar | |
Karminsolfugl Aethopyga siparaja Foto: Lip Kee Yap | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Solfuglar Nectariniidae Vigors, 1825 |
Det finst to fuglefamiliar som har likskap med solfuglar, men med svært fjernt slektskap: kolibriar i Amerika og honningetarar i Australia. Likskapen mellom desse tre gruppene kjem av konvergerande evolusjon som reflekterer liknande levemåte basert på diett av nektar. Somme solfuglar kan ta nektar mens dei stillar i lufta som ein kolibri, men det vanlege er at dei sit på ei grein eller liknande når dei et.