![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/Sligo-03-Garavogue_River-Glasshouse-2017-gje.jpg/640px-Sligo-03-Garavogue_River-Glasshouse-2017-gje.jpg&w=640&q=50)
Sligo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sligo (irsk Sligeach) er ein hamneby i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Sligo vest på Irland. Byen hadde rundt 20 000 innbyggjarar i 2016,[1] og er dermed også den folkerikaste byen i fylket. Sligo Borough District huser 61 % (38 581) av dei 63 000 innbyggjarane i County Sligo.[2]
Sligo | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Sligo | ||
Provins | Connacht | ||
Høgd | 13 m | ||
Areal | 30,86 km² | ||
Folketal | 17 892 (2006) | ||
- storby | 41 988 | ||
![]() Sligo 54.2667°N 8.4833°W / 54.2667; -8.4833 | |||
Wikimedia Commons: Sligo | |||
Nettstad: www.sligoborough.ie | |||
Byen ligg mellom Lough Gill og elva Garavogue der ho munnar ut i Atlanterhavet. Han er omgjeven av to fjellkjeder, Dartryfjella på nordsida og Oxfjella mot sør. Sligo er eit historisk, kulturelt, kommersielt, industrielt og tenestenæringssenter, og har regionaltyding i Vest-Irland. Han har veg-, jernbane- og ferjesamband. Byen er også eit turistmål med fleire litterære og kulturelle assosiasjonar, og ligg langs turistruta Wild Atlantic Way.