Slaget ved Blenheim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Blenheim (i somme land kalla det andre slaget ved Höchstädt) vart utkjempa den 13. august 1704 og var eit stort slag i den spanske arvefølgjekrigen. Ludvig XIV av Frankrike prøvde å slå keisar Leopold ut av krigen med å erobre Wien, hovudstaden til Habsburg og oppnå gode vilkår i ein fredsavtale. Farane til Wien var store: Styrkane til kurfyrsten av Bayern og marskalk Marsin i Bayern truga i vest, og den store armeen til marskalk Vendôme var ein stor trugsel med ein potensiell offensiv gjennom Brennerpasset. Wien var òg under press frå det ungarske opprøret til Rákóczi frå aust. Hertugen av Marlborough var klar over faren og valde å løyse trugselen med å marsjere styrkane sine sørover frå Bedburg og støtte keisaren i Storalliansen.
Slaget ved Blenheim | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Hertugen av Marlborough signerer avsendinga ved Blenheim. Oljemåleri av Robert Alexander Hillingford. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Det tysk-romerske riket:
|
Frankrike Kurfyrstedømet Bayern | ||||||
Kommandantar | |||||||
Hertugen av Marlborough Eugene av Savoie |
Duc de Tallard # Ferdinand de Marsin Maximilian II Emanuel | ||||||
Styrkar | |||||||
52 000 mann,[3] 66 kanonar |
56 000 mann, 90 kanonar | ||||||
Tap | |||||||
4542 drepne, 7942 skadde |
20 000 drepne, skadde eller drukna, 14 190 fanga |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
I ein kombinasjon av list og glimrande administrering - der han skjulte kvar han var på veg for både alliert og fiende, klarte Marlborough å marsjere 400 km uhindra frå Nederlanda til Donau på fem veker.Etter å ha sikra Donauwörth ved Donau prøvde Marlborough å møte armeen til kurfyrsten og Marsin før marskalk Tallard kom med forsterkingar gjennom Schwarzwald. Dei fransk-bayerske kommandantane var motvillige til å gå ut i kamp før dei meinte dei hadde nok soldatar, så hertugen starta å plyndre landsbyane i Bayern for å tvinge fram eit slag. Taktikken var mislukka, men då Tallard nådde armeen til kurfyrsten, hadde òg prins Eugene nådd fram med sine forsterkingar for dei allierte. Dei to armeane møttest omsider ved breidda av Donau i og rundt den vesle landsbyen Blindheim.
Blenheim har gått inn i historia som eit av vendepunkta i den spanske arvefølgjekrigen. Den overveldande allierte sigeren sikra tryggleiken til Wien frå den fransk-bayerske armeen, og hindra at Storalliansen kollapsa. Bayern vart slått ut av krigen og Ludvig kunne ikkje lenger håpe på ei rask løysing på krigen. Frankrike tapte over 30 000 mann, inkludert øvstkommanderande marskalk Tallard, som vart teken til fange og sendt til England. Før felttoget i 1704 var over, hadde dei allierte teken Landau og byane Trier (Trèves) og Trarbach ved Moselle som førebuing for felttoget året etter i Frankrike.