Signalkreps
From Wikipedia, the free encyclopedia
Signalkreps (Pacifastacus leniusculus) er eit krepsdyr innført til Europa frå Nord-Amerika.
Signalkreps | |
Signalkreps | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca |
Orden: | Tifotkreps Decapoda |
Familie: | Astacidae |
Slekt: | Pacifastacus |
Art: | Signalkreps P. leniusculus |
Vitskapleg namn | |
Pacifastacus leniusculus |
Signalkrepsen er raudbrun til grøn i fargen, vert inntil 20 cm lang og vege opptil 330 gram. Den skil seg frå den opphavlege norske arten edelkreps ved den er mørkare i fargen, skjoldet er tjukkare og er glatt framme ved munnpartiet (taggete på edelkreps), men det tydelegaste teiknet er ein tydeleg lyseblå flekk i leddet på kloa, derav namnet «signalkreps».
Signalkrepsen er berar av eggsporesopp som lever i skalet, og som er årsaka til at edelkreps utviklar krepsepest. Denne sjukdomen kom til Europa på midten av 1800-talet, fyrste gong i eit utbrot i Italia og ti år seinare i Frankrike, og fram mot 1900 spreidde sjukdomen seg nordover til Finland. Ein var lenge usikker på kva som førte til sjukdomen. Ein hadde tidlegare observert at signalkrepsen var resistent mot sjukdomen. Soppen vart beskriven rundt 1903, men først på 1930-talet vart samanhengen slått fast. Fordi signalkrepsen såg ut til å vere immun mot krepsepest vart arten sett ut i stor skala i Sverige, men kort tid etter vart ein klar over at signalkrepsen var berar av soppen. Av dei opphavlege 30 000 områda med edelkreps i Sverige, er det att berre 1000.