Leddyr
rekkje i dyreriket / From Wikipedia, the free encyclopedia
Leddyra er den største dyregruppa på jorda, og omfattar over ein million kjende artar. Dei vert kjenneteikna ved å ha eit eksoskjelett og ein tydeleg tagmatisert kropp; det vil seie at kroppen er bygd opp av fleire ulike mindre segment som har fusjonert og spesialisert seg til ulike funksjonar.
Leddyr | |
Vassloppa Daphnia magna | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda Gravenhorst, 1843 |
Til leddyra høyrer m.a. insekta, edderkoppdyra, krepsdyra, skolopendrane og tusenbeina. Gruppa finst i alle slags habitat over heile kloten, og er påvist i over 500 millionar år gamle fossil.