Sierra de Grazalema
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sierra de Grazalema er ei fjellkjede og eit verna område nordaust i provinsen Cádiz sør i Spania. Parken dekkjer 516 km² av fjellkjeda, som igjen er ein del av Cordillera Penibética. Av mindre fjellkjeder i Sierra de Grazalema finn ein Sierra de Zafalgar, Sierra del Pinar og Sierra de Endrinal. Pinar (eller Torreón) på 1654 meter over havet er den høgaste toppen.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Sierra de Grazalema | |||
fjell | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Del av | Natura 2000, Natura 2000 in Spain | ||
Sierra de Grazalema 36.73°N 5.37°W / 36.73; -5.37 | |||
Wikimedia Commons: Sierra de Grazalema Natural Park | |||
Lukk
Sierra de Grazalema er eit karstområde og her finst store kalksteinsgrotter, som Cueva del Gato, Cueva de la Pileta og Garganta Verde. Det finst òg store koloniar med gribb i Sierra de Grazalema, inkludert nokre få åtselgribbar, ein art som er alvorleg utryddingstrua. Naturparken vart erklært eit biosfærereservat i 1977.