Karst
From Wikipedia, the free encyclopedia
Karst er eit landskap av oppløyste lag i grunnfjellet, vanlegvis karbonatbergartar som kalkstein eller dolomitt. Desse landskapa har ofte karakteristiske overflater og vatn som forsvinn ned i grunnen. Nokre område med karsttopografi inneheld tusenvis av grotter som er forma av vatnet som strøymer gjennom bergarten.
- Sjå òg Kras som karst er kalla opp etter.
Det finst forskjellige uttrykk for karsttopografi på andre språk, som til dømes yanrong på kinesisk og tsingy på gassisk. Dei fleste språk nyttar derimot karst, som er det tyske namnet på Kras, ein region i Slovenia som delvis strekkjer seg inn i Italia der det vert kalla Carso og der dei første vitskaplege utforskingane av karst vart gjort. Namnet har gamaleuropeisk opphav (karra - stein) og i antikken vart det kalla Carusardius på latin. Den slovenske forma grast vart nytta sidan 1177 og på kroatisk kras sidan 1230.