Sepphoris
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sepphoris (gammalgresk Σέπφωρις), òg kalla Tzippori (hebraisk צִפּוֹרִי), Diokesaraea (gammalgresk Διοκαισάρεια) og Saffuriya (arabisk صفورية, Safurriya og Suffurriye) er ein landsby og ein arkeologisk stad som ligg sentralt i Galilea i Israel, 6 km nord-nordvest for Nasaret.[1] Han ligg 286 meter over havet og ligg oppom Beit Netofa-dalen. Staden har ei rik historie med spor frå hellenistisk, jødisk, romersk, bysantinsk, islamsk, krosstog, arabisk og osmansk tid. I kristen tradisjon er det trudd å vere fødestaden til Jomfru Maria, og landsbyen der heilage Anna og Joakim ofte vert sagt å ha budd.[2]
Sepphoris | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Jezreeldalen regionale kommune | ||
Del av | Nedre Galilea | ||
Koordinatar | 32°45′10.4″N 35°16′46.2″E | ||
Sepphoris 32.753055555556°N 35.279166666667°E / 32.753055555556; 35.279166666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Tzippori | |||
Av kjende bygg på staden finn ein eit romersk teater, to tidlege kristne kyrkjer, ei krossfararborg som vart renovert av Daher el-Omar på 1700-talet, og over seksti forskjellige mosaikkar, datert frå 200- til 500-talet evt.[3][4]
Etter Bar Kokhba-opprøret i 132–135, var Sepphoris eit av sentera i Galilea der rabbinarfamiliane frå Judea flytta til.[5] Det er avdekt ruinar av ei synagoge frå 500-talet i dei nedre delane av staden. På 600-talet vart byen erobra av arabiske kalifat, i lag med resten av Palestina. Dei arabiske og islamske imperia styrte området fram til slutten av første verdskrigen, utanom eit kort avbrot under krosstoga.
Fram til avfolkinga under den arabisk-israelske krigen i 1948,[6] Saffuriya var ein palestinsk arabisk landsby. Moshav Tzippori vart grunnlagd nær staden i 1949. Han er underlagt Jezreeldalen regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 616. Landsbyen ligg der den tidlegare arabiske landsbyen låg og vart erklært ein nasjonalpark i 1992